Selskapslokale

Våren 1962 vart det første bryllaupet halde i lokalet. Etter den tid har over 500 par vald å leggja bryllaupsfeiringa si til oss. I tillegg har mange fått bryllaupsmaten levert heim til seg, eller til eit anna forsamlingslokale. Lokalet er elles veleigna til blåturar, pensjonistturar, klassefestar, barnedåp, konfirmasjon, eller minnesamver eller gravferd.

Møte og kurs

Huset er mykje brukt til møte og kurs. Lokala passar for 10 - 150 personar, og kan anten leigast kvar for seg, eller i kombinasjon. Brukbart med utstyr står til disposisjon. God heimelaga mat høyrer sjølvsagt med til eit vellukka arrangement. Me kan tilrå alt frå nysteikte rundstykke eller tebrød, til vårt velkjende kaldtbord.