Smiths møte og selskapslokale (tidlegare Smiths pensjonat) er ei familiebedrift med lang erfaring i å ta imot gjestar frå bygd og by. Verksemda starta i 1962, og har vore over 50 år i drift. Det er no andre og tredje generasjon som står for drifta.
Dei siste åra har huset vore gjennom ei omfattande ombygging og modernisering, men dei beste matoppskriftene frå 60-talet er framleis i bruk.

Huset ligg ved fylkesveg 409 omlag 400 m frå Manger Senter. I første høgda er det m. a. festsal med plass til ca. 150 gjestar, matsal/møtelokale kombinert med peisestove og kjøkken.
I andre høgda er det eit møterom som kan brukast til mindre møte eller i kombinasjon med større arrangement.

Verksemda legg vekt på god heimelaga mat med utgangspunkt i vestnorske mattradisjonar. Så langt det er råd nyttar ein råvarer frå lokale produsentar, delvis også frå eige gardsbruk. Me har ope heile året, men matservering må avtalast på førehand. Helst i god tid, og seinast dagen før.

Du kan nå oss på tlf: 56373111/48052356 og på e-post: geir-smi@online.no