Smiths møte- og selskapslokale

Smiths møte og selskapslokale (tidlegare Smiths pensjonat) er ei familiebedrift med lang erfaring i å ta imot gjestar frå bygd og by. Verksemda starta i 1962, og ein har nett feirt 50.års jubileum. Det er no andre og tredje generasjon som står for drifta.
Dei siste åra har huset vore gjennom ei omfattande ombygging og modernisering, men dei beste matoppskriftene frå 60-talet er framleis i bruk.

Huset ligg ved fylkesveg 409 omlag 400 m frå Manger Senter. I første høgda er det m. a. festsal med plass til ca. 150 gjestar, matsal/møtelokale kombinert med peisestove og kjøkken.
I andre høgda er det eit møterom som kan brukast til mindre møte eller i kombinasjon med større arrangement.

Verksemda legg vekt på god heimelaga mat med utgangspunkt i vestnorske mattradisjonar. Så langt det er råd nyttar ein råvarer frå lokale produsentar, delvis også frå eige gardsbruk. Me har ope heile året, men matservering må avtalast på førehand. Helst i god tid, og seinast dagen før.

Du kan nå oss på tlf: 56373111/48052356 og på e-post: geir-smi@online.no